onsdag 16. juli 2008

Lokallagsbesøk!

I går var vi på lokallagsbesøk til African Inland Church si CHRISC-gruppe. For dei som hadde vore på seminar laurdagen før vart det eit gjensyn med kjente og kjære oppvarmingsleikar, elles foballspeling, uttøying, andakt tatt på sparket av Oddrun og bøn etter treninga. Det heile vart leda av den lokale leiaren, utan nemneverdig innblanding frå gjestane i teamet.

Den afrikanske temperaturen har satt sitt preg på teamet. I går måtte Marte bli att heime grunna lettare forkjølelse (Hva? Lettere forkjølelse når jeg holder en kroppstemperatur på 39,2 C, og både hode og ører er i ferd med å eksplodere? Red.anm.). Sigurd er derimot på betringens veg etter å ha sove med t-skjorte knytta kring halsen. Han måtte imidlertid stå over sjølve fotballtreninga, men hadde sin fulle hyre med å underhalde ungane på sidelinja med diverse freesbe-activitis.


Oppvarmingsleik


Skil seg ut?


Ingen spøk å spele fotball i regntida:)


Uttøying av hamstrings


Frisbee-leik på sidelinja


Nokon er kanskje meir skeptiske enn andre...

Ingen kommentarer: