fredag 25. januar 2008

Her er dei

Merk deg dei fylgjande fire namna: Janne Bjerkholt, Marte Haug Andersen, Runar Flugstad og Sigurd Vatne. Dei utgjer nemlig det nye utreiseteamet til Global-KRIK i Trondheim, og skal i sommaren som kjem reise til Aust Afrika for å følgje utviklinga til CHRISC i Sudan. Kven er så desse fire frie?

Namn: Janne Bjerkholt
Alder: 24 år
Studie:
Lærarutdanninga på HIST, 2. året

Antall år i SKT/global:
½ år i SKT / vore med i Global om lag 2 mnd.

Afrikaerfaring:
Var i Etiopia som 13 åring

Forventningar til utreisa:
Gledar meg til å sjå korleis KRIK er og fungerar i Afrika, møte folka og komme tett på ein annan kultur.
Kva gledar du deg mest til: Å bli kjent med sjølve menneska som bur der nede..
Kva gruar du deg mest til: Hm
.. Eg hev liksom ikkje byrja å grue meg heilt endå.. Kanskje det å sjå menneske som er så vanskelig stilte..
Dersom du berre fekk ta med deg ein ting i kofferten, kva ville det ha vore?
Eit VISA-kort..
Dersom du kunne ta med ein kjendis på turen, kven ville du hatt med? Siv Jensen.


Namn: Marte Haug Andersen
Alder: 23 år
Studie: 4. året på medisin
Antall år i SKT/global: 4 år i STK / var med for ei stund sidan, og starta opp att i haust. (Hev i lengre tid vore på mailinglista til Global for å kunne halde både seg sjølv og Magne oppdatert om når han skal på global-møte. Red.anm.)
Afrikaerfaring: Ikkje anna enn at eg for tida planlegg å skrive hovudoppgåve i Ke
nya vinteren 09.
Forventningar til utreisa: Trur det vert veldig annleis å vere der. Når man ser forskjellane lærar man kanskje litt om kor heldig me er her i Noreg, samt at eg trur eg vil lære ting som det kan vere verdt å ta med seg heim. Og så håpar eg jo at me kan få føle at me er til hjelp for dei.

Kva gledar du deg mest til: hm.. Vanskelig å seie i grunnen.. Eg gledar meg iallfall til å få leike med afrikanarar.
Kva gruar du deg mest til: Ikkje så mykje eigentlig, anna enn å reise ifrå Magne då.
Dersom du berre fekk ta med deg ein ting i kofferten, kva ville det ha vore? akkurat no lærar me om hud på studiet, så solkrem kanskje..

Dersom du kunne ta med ein kjendis på turen, kven ville du hatt med?


Namn: Runar Flugstad
Alder: 23 år
Studie: 1. året på medisin
Antall år i SKT/global: 2 år/ starta i vår
Afrikaerfaring: Null
Forventningar til utreisa: Det er mange.. verte kjend med Afrika, møte ein annan kultur, sjå korleis KRIK-ideen fungerar der nede og å sjå korleis den kristne trua kjem til uttryk
k hjå menneske i den situasjonen. Og så er eg litt spent på korleis me vert motteke der nede..
Kva gledar du deg mest til: Å spele fotball på afrikansk vis. Samt det å få oppleve korleis det er å vere truande der nede i forhold til i heime i rike Noreg.
Kva gruar du deg mest til: Spent på maten og hygiene-nivået. Ser på dette med litt blanda kjensler.. Skrekksenarioet er jo å sove med firfisler om natta og å ete dei til middag om dagen. Et ein forresten firfisler i Afrika?
Dersom du berre fekk ta med deg ein ting i kofferten, kva ville det ha vore? Uff da.. Fotokamera..
Dersom du kunne ta med ein kjendis på turen, kven ville du hatt med? Jonas Gahr Støre.


Namn: Sigurd Storaas Vatne
Alder: 22 år
Studie: Psykologi årsstudium
Antall år i SKT/global: ½ år
Afrikaerfaring: Budde dei første 8 leveåra mine i Kamerun som misjonærbarn, og var sivilarbeidar i Mail i fjor.
Forventningar til utreisa: Gleder meg til å komme tilbake til Afrika. Vert spanande å oppleve Aust Afrika denne gongen, og å sjå kva for likskapar/ulikskapar det er mellom aust og vest i Afrika.
Kva gledar du deg mest til: Å møte mykje bra folk. Og så blir det spanande å sjå korleis det gjeng med KRIK der nede. Eg håpar me klarar å vere med å inspirere arbeidet dei driv med!
Kva gruar du deg mest til: Ingenting som eg kjem på akkurat no igrunnen..
Dersom du berre fekk ta med deg ein ting i kofferten, kva ville det ha vore? Eit ludobrett kanskje.. Fordi spelet er så enkelt at alle kan lære reglane, og fordi ein lett kan halde i gang ein samtale medan ein speler.
Dersom du kunne ta med ein kjendis på turen, kven ville du hatt med? U2-bono, fordi det kunne vore spanande å diskutere bistand med han. Dessutan så innbillar eg meg at han ville gjort ein god jobb med underholdning rundt leirbålet.



Me ynskjer Sud08 lykke til med førebuingane til utreisa!

Ingen kommentarer: